onsdag 8. desember 2010

Italiensk neorealisme

Eg har fått som oppgåve å presentere ein film, filmskaparen og filmepoken som eg kunne velje ut frå ei lita liste eg fikk av læraren. Eg skal og finne fram eit filmklipp på youtube ifrå filmen eg har valt og leggje den ut i bloggen.

Den italienske neorealismen foregjekk i tida 1944-1952, og er eit resultat av den andre verdskrigen. Neorealismen var prega av følelsar, og krigen hadde etterlatt fattigdom, desperasjon, sosial urettferdighet og sorg. Den skulle fange inn virkelegheita som menneska levde i. Dei filma ute på gatene og det vart i stor grad brukt amatørskodespelarar. Filmstilen var ganske tøff for mange. Den fekk stor betydning verden over. Populariteten til neorealismen stupte ned på 1950 talet, dette fordi dei sosiale forholda i Italia hadde forbetra seg. Ein anna grunn til at neorealismen stupte var at publikumet begynte å bli lei påminnelsane om den vanskelege kvardagen filmane viste. Myndighetane var ikkje særleg begeistra for neorealismen og ville ikkje at det skulle bli vist verda over om landet sitt sosiale problem.

Vittorio De Sica starta karrieren sin som skuespiller, men er mest kjent som regissør. Han blei i 1971 spurt om han kunne definere stilarten der han svarte: ‘’Neorealisme er ikkje å filme i autentiske lokaler, den er ikkje verklegheita. Den er verkelegheit filtrert gjennom poesi, transfigurert verklegheit.’’ (http://filmskolen.vgb.no/2008/06/12/filmskolen-presenterer-neorealismen/)

Han sitt største verk er ‘’Sykkeltyvene’’ som vant BAFTA og Golden Globe pris og vart Oscarnominert for beste manus. ’’ (http://filmskolen.vgb.no/2008/06/12/filmskolen-presenterer-neorealismen/) I sykkeltyvene befinn vi oss i Roma der arbeidsledigheita i det italienske etterkrigssamfunnet er stor. Mange mennesker lever i nød og ein heldig Antonio Ricco får seg jobb som plakatopphenger. Ønsket om framgang er stor. Ricco må får å utføre arbeidet ha ein sykkel. Sykkelen hans verte stjelt og han er på jakt etter tjuven og sykkelen. (mediemøte 2, Dag Asbjørnsen, Aschehoug m.fl, 2007)

Filmklipp – trailer : http://www.youtube.com/watch?v=H3jnzXX9mXs

Kort sagt var italiensk neorealisme ei tid etter krigstida der filminga fokuserte på det som var verkeleg, og spelte på følelsane til folk. Stilen vart spreidde seg rundt omkring i heile verda, men i 1950 tok det det slutt. Folk vart lei av den sørgjelege stilen.