lørdag 18. september 2010

Journalistikk og informasjon

I denne femavsnittsmetoden skal eg først og fremst ta for meg forskjellen mellom journalisikk og informasjonarbeid, som er to viktige begrep i samfunnet vårt. Først vil eg forklare kva journalistikk er, deretter informasjonsarbeid. Og så vil eg forklare litt om kva som skil desse og kva som er likt. Til slutt vil eg drøfte litt om forholdet mellom dei to.


Journalistikk omfattar svært mykje. Asbjørnsen, Dag m.fl, mediemøte 2 Achehoug forklarer at vi kan dele journalistikken inn i to viktige delar som er informasjon og samfunnkritikk. Informasjonsoppgåva går ut på å samle informasjon og få sannheita fram til publikum gjennom forskjellige media. Informasjonen skal vere meiningsfull, slik at publikum forstår kva som skjer i samfunnet. Kritikkoppgåva går ut på å overvåke styresmaktene og vere kritiske til dei samt avdekkje kritikkverdige forhold. Den skal også skape debatt og setje dagsorden i samfunnet. For å få til dette må journalisten vere ein fri og uavhengig person. (2007,s 176-177)

I motsetning til journalisten er ikkje informasjonsmedarbeidaren uavhengig og kritisk. Målet er å fokusere på det positive, og her ligg då lojaliteten ved oppdragsgjevaren. Dermed er informasjonsarbeidaren si oppgåve først og fremst å formidle informasjon som byggjer opp ein positiv profil rundt ei bedrift eller organisasjon. Dette kan bli utført på ulike måtar som for eksempel gjennom ei pressemelding eller pressekonferanse. (http://mediana.no/index.php?action=static&id=505)

Journalisten søkar forskjellige kjelder og sett motsetningar opp mot kvarandre, medan informasjonsarbeidaren ønskjer å vektleggje eigne kjelder og vinklingar. Men mykje av oppgåva journalisten og informasjonsarbeidaren har er likt. I likheit med journalisten skal informasjonsarbeidaren formidle eit bodskap som er sakleg, korrekt og etterprøvbart. I tillegg til dette må informasjonsarbeidaren byggje relasjonar til journalisten og mediar, der man pratar jevnleg med journalisten og held dei informert om kva som skjer. Dette er informasjonarbeidaren ofte god til sidan dei som oftast er ''ex-journalistar''. (http://mediana.no/index.php?action=static&id=505)

Forholdet mellom informasjonsbransjen og pressa blir stadig satt på prøve. Rollefordelinga er ofte uklar blant folk , dette spessielt fordi svært mange informasjonsarbeidarar har ein fortid som journalister og motsatt. Både journalistar og informasjonsarbeidarar er avhengige av folks tillit, men likevel ser man oftare eksemplar på der man opererer i ein gråsone. Man bør derfor vere litt skeptisk og kritisk til det du vert servert i forskjellige medium.

Kjeldeliste:
Asbjørnsen, Dag, m.fl : mediemøte 2, Achehoug 2007
http://mediana.no/index.php?action=static&id=505
http://infodesign.no/artikler/informasonsetikk.htm

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar