Blasfemi
Eg har fått ei oppgåve om å skrive ein femavsnittstekst om blasfemi. Eg vil i denne femavsnittsteksten ta for meg definisjonen på blasfemi og kva rolle media har i det fleirkulturelle samfunnet knytt til dette.
Asbjørnsen, Dag m.fl, mediemøte 2, Aschehoug forklarer at blasfemi tyder gudspotting. Det vil sei at i til dømes i islam er det ikkje lov å lage eller vise bilete av profetane og gudane. Dette forbodet verte praktisert ulikt, men avbilding må aldri krenkje profeten eller namnet hans på nokon måte. (2007, s 92) Gjennom alle tider har prester eller lærde forsøkt å beskytte seg mot narr og spott. Om noko er blasfemisk er avhengig av religionens syn på dette. For nokre vil kanskje all kritisk ytring om ein religion vere blasfemisk, for andre går ikkje grensa så langt. (http://no.wikipedia.org/wiki/Blasfemi)
Faksimile fra Jyllandsposten 30.sep, 2005
Blasfemi er straffbart mange i mange land og religioner, også i Noreg etter straffelova § 142.
‘’Den som i ord eller handling offentlig forhåner eller på en krenkende eller sårende måte viser ringeakt for nogen trosbekjennelse hvis utøvelse her i riket er tillatt eller noget lovlig her bestående religionssamfunds troslærdommer eller gudsdyrkelse, eller som medvirker hertil, straffes med bøter eller med hefte eller fengsel inntil 6 måneder. Påtale finner bare sted når allmenne hensyn krever det.’’ (http://www.lovdata.no/all/tl-19020522-010-017.html#142)
Ein mann ved namn Lars Vilks frå Sverige lagar teikningar som nokon ikkje liker, og må derfor ha væpna beskyttelse døgnet rundt. Lars lagde blant anna ein teikning av profeten Muhammed, og har måtta takla hard motgang etter det. Vi kan sei at blasfemi kan ha to sider ved seg. Den eine er retten til ytringsfrihet. ''Enhver har rett til menings og ytringsfrihet. Denne rett omfatter frihet til å hevde meninger uten innblanding og til å søke, motta og meddele opplysninger og ideer gjennom ethvert meddelelsesmiddel og uten hensyn til landegrense'' Dette ifølge FNs verdenserklæring om menneskerettigheter. På den andre sida respekt for religiøse oppfatningar og kultur. (Andresen Molstad Heidi, Fretland Ragnhild, ytringens pris, dagbladet-magasinet, s.22-32, 15.01.11)
Det er mykje diskusjon rundt desse to sidene av blasfemi i media, og det med forskjellige meininger. I Noreg må media følgje ver varsam plakaten der det bl.a står i §1.3 at pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og offentlegheitsprinsippet. Eg meinar at sjølv om mykje kan verke krenkjande, kan ikkje alt kallast blasfemi. Retten til å uttrykke seg for kva ein meinar er ein ''skatt'' ein må ta vare på.
Kjeldeliste:
Asbjørnsen, Dag m.fl, mediemøte 2, Aschehoug
Andresen Molstad Heidi, Fretland Ragnhild, ytringens pris, dagbladet-magasinet, s.22-32, 15.01.11
http://www.lovdata.no/all/tl-19020522-010-017.html#142
http://www.minerva.as/2010/01/05/jeg-er-kurt-westergaard/
http://no.wikipedia.org/wiki/Blasfemi